Klart eg kan
- Barn
- 2017
- Sesong 7
- 0+
Om serien: Barn må gjere mange ting for første gang. Klart eg kan er med barn når dei gjer ting dei håpar å få til. Norsk dokumentarserie.
- Sjangere
- Barn, Livsstil
1. Å lære seg å surfe
Episode 1
9 minTilgjengelig i mer enn 3+ månederNorah ser ofte på dei som surfar på dei store bølgjene. Norah har også lyst til å lære seg å surfe, men tykkjer det ser vanskeleg ut og er redd for å bli kasta rundt under bølgjene.
Norah ser ofte på dei som surfar på dei store bølgjene. Norah har også lyst til å lære seg å surfe, men tykkjer det ser vanskeleg ut og er redd for å bli kasta rundt under bølgjene.
2. Hjortejakt
Episode 2
9 minTilgjengelig i mer enn 3+ månederTobias sin pappa går mykje på hjortejakt. Av og til får Tobias lov å vere med, men han har aldri sett når pappa skyt ein hjort. Aller helst vil Tobias vere med å jakte om natta, men då må han klare å vere heilt stille og passe på at han ikkje sovnar.
Tobias sin pappa går mykje på hjortejakt. Av og til får Tobias lov å vere med, men han har aldri sett når pappa skyt ein hjort. Aller helst vil Tobias vere med å jakte om natta, men då må han klare å vere heilt stille og passe på at han ikkje sovnar.
3. Å operere mandlane
Episode 3
9 minTilgjengelig i mer enn 3+ månederThea må alltid passe ekstra på når ho skal ete slik at ho ikkje set maten fast i halsen. Mandlane i halsen er store og gjer det vanskeleg å ete og puste.
Thea må alltid passe ekstra på når ho skal ete slik at ho ikkje set maten fast i halsen. Mandlane i halsen er store og gjer det vanskeleg å ete og puste.
4. Dinosaurutstilling
Episode 4
9 minTilgjengelig i mer enn 3+ månederSamuel kan mykje om dinosaurar og har mange dinosaurfigurar. No vil han lage ei utstilling med alle dinosaurane sine. Barnehagen kjem for å sjå på, og Samuel gruar seg til å prate høgt framfor alle. Han håpar at dei likar utstillinga hans.
Samuel kan mykje om dinosaurar og har mange dinosaurfigurar. No vil han lage ei utstilling med alle dinosaurane sine. Barnehagen kjem for å sjå på, og Samuel gruar seg til å prate høgt framfor alle. Han håpar at dei likar utstillinga hans.
5. Kvalpefødsel
Episode 5
9 minTilgjengelig i mer enn 3+ månederBetty har ein hund som skal få kvalpar, og Betty skal få vere med på kvalpefødsel for første gong. Ho er spent på korleis det skal gå og kor mange kvalpar som kjem. Betty gler seg til å leike med kvalpane, men gruar seg til dei må flytte.
Betty har ein hund som skal få kvalpar, og Betty skal få vere med på kvalpefødsel for første gong. Ho er spent på korleis det skal gå og kor mange kvalpar som kjem. Betty gler seg til å leike med kvalpane, men gruar seg til dei må flytte.
6. Ønskjer seg trommesett
Episode 6
9 minTilgjengelig i mer enn 3+ månederHenning likar å lage lyd og skulle ønskje han hadde sitt eige trommesett. Men det kostar pengar og Henning må spare. Han hjelper både mamma, pappa og naboane for å tene pengar, og håpar han får nok slik at han kan kjøpe seg trommer.
Henning likar å lage lyd og skulle ønskje han hadde sitt eige trommesett. Men det kostar pengar og Henning må spare. Han hjelper både mamma, pappa og naboane for å tene pengar, og håpar han får nok slik at han kan kjøpe seg trommer.
7. Å sykle i skogen
Episode 7
9 minTilgjengelig i mer enn 3+ månederPaola syklar mykje, men mest i gata der ho bur. Det artigaste er å sykle fort i nedoverbakke. No vil Paola prøve å sykle i skogen på bratt sti, men det ser vanskeleg ut. Røtene på stien kan vere glatte, og Paola er redd ho skal ramle.
Paola syklar mykje, men mest i gata der ho bur. Det artigaste er å sykle fort i nedoverbakke. No vil Paola prøve å sykle i skogen på bratt sti, men det ser vanskeleg ut. Røtene på stien kan vere glatte, og Paola er redd ho skal ramle.
8. Tur til Galdhøpiggen
Episode 8
9 minTilgjengelig i mer enn 3+ månederMagnus går ofte på fjelltur og likar seg i naturen. No vil han prøve å gå opp på den høgste fjelltoppen i Norge, Galdhøpiggen. Aller mest gler han seg til å sjå på utsikta. Men det er langt opp, og Magnus må krysse ein bre for å komme seg til toppen.
Magnus går ofte på fjelltur og likar seg i naturen. No vil han prøve å gå opp på den høgste fjelltoppen i Norge, Galdhøpiggen. Aller mest gler han seg til å sjå på utsikta. Men det er langt opp, og Magnus må krysse ein bre for å komme seg til toppen.
9. Å spele kyrkjeorgel
Episode 9
9 minTilgjengelig i mer enn 3+ månederRithusha er flink til å spele piano. Pianolæraren spør om ho vil spele kyrkjeorgel framfor masse folk. Rithusha øver og øver fram mot den store konserten i kyrkja, og håpar ho klarar å spele alt rett.
Rithusha er flink til å spele piano. Pianolæraren spør om ho vil spele kyrkjeorgel framfor masse folk. Rithusha øver og øver fram mot den store konserten i kyrkja, og håpar ho klarar å spele alt rett.